Trendy Frisør

Trendy Frisør

Del

Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Trendy Frisør, Frisørsalong, Storehagen 9, Fords.

10/03/2022

Trendy er blitt Fresh🌸
Dinna sida vil snart bli sletta.
Følg Fresh frisør si Facebook og Instagram si side.
https://www.facebook.com/Fresh-Fris%C3%B8rsalong-129301613836113/

Fresh Frisørsalong Fresh Frisør i 2 etasje på Alti. Vi har produkter fra Milkshake, Paul Mitchell, Eleven, Cutrin, K18 og Hairtalk hair extention. Onlinebooking på https://fixit.no/hudogvelvere/fresh-frisor/2723?categories=klipp

28/12/2021

Diverse gode tilbod! 😀

25/12/2021

Trendy blir til Fresh 😀

NO BLIR TRENDY TIL FRESH❤️✂️❤️

Frå nyttår vil Inge Rygg sin frisørsalong Trendy på ALTI Førde vere historie. I staden skal Veronica Weiseth og Fresh overta lokala. – Eg kunne ikkje fått ein betre arvtakar, smiler Inge Rygg.

Inge Rygg er på mange måtar ein institusjon innan frisørfaget i Sunnfjord. Han etablerte seg i det gamle Handelshuset då det opna i 1987, og har sidan då drive Trendy-salongen i det mest trafikkerte området i Sogn og Fjordane. Og han lovar at sjølv om han har stått på i 34 år og no er inne i sitt 69. år, så skal han ikkje leggje saksa på hylla frå nyttår heller.

Skal vere med litt😀👍😀

- He, he. Nei, eg skal vere med ei stund til framover. Først og fremst skal eg gradvis lære opp Veronica i arbeidet eg har spesialisert meg i gjennom mange år, nemleg hårerstatning i form av parykkar og tupéar. Dette arbeidet er svært viktig, og gradvis håpar eg at ho kan overta denne jobben for meg. Eg skal iallfall prøve å vere den beste læraren og gje ho ein god skule, smiler Inge Rygg.

Og i alle desse åra har han uoffisielt rekna ut at han nærmar seg å ha hatt ein millionar kundar som frisør i løpet av alle desse åra.

- Du veit at når nokre av kundane dine påstår at eg no har fjerde generasjon i stolen, så forstår du at du har halde det gåande ei god stund, seier Rygg og kan fortelje at når Veronica Weiseth no skal overta, så er på mange måtar sirkelen slutta.

Starta i Trendy✂️✂️✂️

- Eg hugsar godt at Veronica byrja hos meg som lærling som 19-åring, i 2003. Ho var her i sju år, før ho reiste ut og starta opp på eiga hand. Vi har dessutan hatt fleire samtalar om det kunne vere aktuelt for ho å overta, og no er altså tida inne, seier Inge Rygg og understrekar følgjande:

- Eg kunne ikkje fått ein betre arvtakar enn Veronica. Ho kjenner Trendy sin tradisjon frå tidlegare arbeid her, og eg veit at ho ikkje vil ha problem å å overta denne salongen. Det vert sjølvsagt noko heilt anna enn å drive Fresh i Sentrum Sør, men Veronica er den rette til å takle dette, seier Inge Rygg som ser på lokaliseringa i 2. etasje ved Skywalken som den beste du kan få i Sunnfjord.

- Utan tvil det området som har størst trafikk i Sunnfjord. For å vere ærleg, så har eg aldri bekymra meg ei einaste natt for at det ikkje skulle vere nok kundar. Og slik vil det garantert vere for Fresh også i framtida, seier Inge Rygg om skiftet av eigar i desse lokala.

Pussar opp🪒🔨✂️

Veronica Weiseth har avtale om å overta Trendy-lokala frå 1. januar, og skal bruke deler av romjula til å pusse opp.

- Vi skal ta med stilen frå Fresh over hit. Vi skal måle lokalet og skifte ut speglar. Og kundane vil nok raskt sjå at her er endringar på gang. Sjølv om det vil skje litt over tid. Ikkje minst fordi nokre av benkeplatene er forseinka og først kjem ut i januar, seier Veronica Weiseth som satsar på å ha fem frisørar i drift i lokala.

- Det blir to meir enn det som har vore her den siste tida. Og eg er veldig glad for at Inge i periodar vil vere her, både i form av arbeidet med hårerstatningar og anna. I utgangspunktet skal han vere her på onsdagar og torsdagar. Noko som også betyr at hans faste kundar framleis vil kunne halde fram med å ha han som frisør. Så vi gleder oss allereie til å komme i gang her. Lokala er lyse og flotte, og det er god ventilasjon. Så dette er noko vi verkeleg ser fram til, seier den nye eigaren av frisørsalongen i 2. etasje på sørbygget på ALTI Førde.😀👍

Tekst og foto: Stig Roger Eide

09/12/2021

TAKK for at du brukar MUNNBIND! 😀😷
- når du ikkje kan halde 1 meters avstand

04/12/2021

20% på alle varer (utenom gåvepakkar) 🥳

Photos from Trendy Frisør's post 20/11/2021

Tilbod fra onsdag til lørdag ALLE ordinære varer - 20% ! 🥳 (utenom gåvepakkar og elektriske varer)

Photos from Trendy Frisør's post 11/11/2021

Nattope tilbod!
ALLE produkt 20% (utenom gåvepakkar og elektriske varer) 🥳

Photos from Trendy Frisør's post 09/11/2021

Masse flotte pakkar med sjampo og voks! 🥳
Kom innom å ta ein titt då vel ☺️🙋🏼‍♀️🤷🏽‍♀️

20/10/2021

Sjampo og balsam i Moroccanoil og Paul mitchell 20% fra torsdag - lørdag! 🥳

29/09/2021

Moroccanoil kura 20% 🥳🙆🏽‍♀️💆🏼‍♀️

Vil du plassere din bedrift på toppen av Frisør-listen i Fords?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Telefon

Nettsted

Adresse


Storehagen 9
Fords
6800

Åpningstider

Mandag 10:00 - 18:00
Tirsdag 10:00 - 20:00
Onsdag 10:00 - 18:00
Torsdag 10:00 - 20:00
Fredag 10:00 - 18:00
Lørdag 10:00 - 16:00